;

Slit med å seie nei

Illustrasjon: Bjørn Mike Boge

Eg har eit spørsmål til psykologen:

Eg er med i ulike styrer og råd og tar ofte oppgåver i den kristne forsamlinga eg tilhøyrer når eg  blir spurt. Det kjennest godt å kunna  bidra, men eg er ein type som slit med å seia nei med godt samvit. Dessutan er eg så redd for å skuffa folk. Men av og til går det ut over tida eg skulle hatt med mine nærmaste. Til tider kan eg til og med kjenna meg utnytta. Det er ikkje berre i kyrkjelyden eg slit med dette, men også på jobb og nokre gonger overfor venner. Har du nokon råd å gi meg?

Helsing frå Bjørg

Unndis Bergås, psykolog

Kjære Bjørg!

Du er ein person som gjerne seier ja når nokon spør deg om å bidra, og du  opplever det positivt å vera med. Samfunnet har bruk for menneske som er villige til å gjera ein innsats for andre. Men du føler at det blir for mykje, og du klarer ikkje setja dei grensene du ønskjer. Du er i godt selskap. Svært mange menneske strevar med dette. Du innser problemet, og det er eit godt utgangspunkt for endring.

Vi er sette til å vera autoritetar i eige liv, vi må ta ansvar for å forvalta våre liv og vår tid. Vi treng ein balanse mellom å stå til teneste for andre og å ivareta oss sjølve. Utan gode grenser risikerer vi å bli uttappa og nedkjørte. Dessutan er det slik at når vi seier ja til noko, inneber det samtidig nei til noko anna. Derfor er det eit svært viktig tema du tar opp.

Du ser at det blir for mykje, men du kan slita med dårleg samvit når du seier nei. Eg lurer på om du også får dårleg samvit når du blir så opptatt at det går ut over dine nærmaste? Samvitet vårt er som eit instrument. Det kan vera feilstilt, og då treng det justerast.

Som så mange andre, er du redd for å skuffa folk. Kva er du redd for: at dei blir sinte, at dei ikkje vil lika deg, at dei ikkje spør deg igjen? Kor farleg er det? Det er ofte skilnad på kva vi rasjonelt sett tenkjer og kva vi føler i slike situasjonar. Sjølv om vi ser at vi bør seia nei, og at det ikkje blir nokon katastrofe om vi gjer det, så kan vi likevel føla dårleg samvit eller frykt.

Dersom du skal klara setja dei grensene du ønskjer, så treng du å øva deg. Det er krevande.  Du skal læra både å seia nei og å uttrykkja det på ein grei måte. Det er nok å seia at det ikkje passar, utan å forklara eller orsaka seg. Du treng ikkje ha andre avtalar for å seia nei. Viss du har bestemt deg for å ha fri den kvelden, så passar det ikkje å ta på seg ei oppgåve då. Når eg snakkar med folk om dette temaet, råder eg dei ofte til å venta og ta kontakt igjen når dei har fått tenkt over forespørselen.  Då får ein tid til å summa seg.

Somme kan koma til å reagera negativt når du set grenser, for dei er så vane med at du seier ja. Dei må få lov å ha sine følelsar, utan at det treng styra dine val.  Men det kan vera tøft å takla både andre sine reaksjonar og dine eigne følelsar og dårlege samvit når du begynner å setja meir grenser. Derfor kan det vera nyttig å finna ein person som kan gi veiledning og støtte undervegs. Ein slik prosess krev noko av deg, men den kan gi ei ny oppleving av fridom og overskot både til å nyta og yta.

Helsing frå Unndis