;

Frå nonne til skjønnheitskonsulent

Den tidlegare nonna er i dag ei dyktig forretningskvinne som jobbar med å selje skjønnheitsprodukt i selskapet Mary Kay. Merka ho har på drakta presenterer ulike merittar ho har oppnådd i jobben.
Den tidlegare nonna er i dag ei dyktig forretningskvinne som jobbar med å selje skjønnheitsprodukt i selskapet Mary Kay. Merka ho har på drakta presenterer ulike merittar ho har oppnådd i jobben. Foto: Olga Marie Salen Brathaug

Tekst Olga Marie Salen Brathaug

– Gud har humor, det er heilt sikkert, fortel Inger Johanne Jedida Aanje. For 35 år sidan var ho nonne, no jobbar ho som skjønnheitskonsulent for Mary Kay.

På ein fargerik og vakker vårdag  i Tigerstaden treffer Agenda 3:16 ei minst like sprudlande og fargerik kvinne. 
– Hei, og så fint å endeleg møte deg. Kvar har de hørt om meg da, spør Inger Johanne Jedida Aanje (61) nysgjerrig. 
For ho er nysgjerrig – på både livet og andre menneske. Ho har brukt livet sitt til å utføre svært varierte arbeidsoppgåver – men vi finn ein raud tråd mellom alle dei ulike oppgåvene som Gud har gitt ho opp igjennom tida. Hennar kall i livet har vore å jobbe med menneske.

Eg kjenner meg veldig på bibelsk grunn. Dronning Ester, før ho gjekk fram for kongen, bada i forskjellige oljar i eit år.

Inger Johanne, som opprinneleg kjem frå Gjerpen i Telemark, utdanna seg både til sjukepleiar og diakonisse.
Ei diakonisse er ein sjukepleiar som har ein spesiell utdanning innan diakoni. Studiet har fokus på både kropp og sjel – ein tek hand om heile mennesket.

– I ein del år hadde eg mange forskjellige jobbar. Mellom anna har eg vore reisesøster for diakonissehuset. Eg reiste rundt og fortalde om diakoni på ulike folkehøgskular, gymnas og husmorskular i tre år. Eg kan enda møte menneske som kjenner meg igjen frå den tida. Det var ei fin tid der eg fekk mange meiningsfulle samtalar med ungdommen, mimrar ho.

Eg syns at vi skal pynte oss, men det kan ikkje ta over min identitet.

Ville bli meir radikal 
Etter kvart kjente Inger Johanne at Gud kalla henne til ytterlegare overgiving.  
– Eg ville bli enda meir radikal. Då bestemte eg meg for å reise på retreat i Tyskland. Det var her eg møtte Mariasystrene for første gong. Eg reiste fram og tilbake i tre år før eg kjente at Gud kalla meg til å bli Mariasyster, fortel ho. 

– Korleis kjende du dette kallet?
– Det var noko som modna fram då eg var der nede. Eg kjende korleis Gud kalla meg til å innvie meg til han. Det var ein indre prosess. Meir og meir kjende eg at det var riktig å gå inn som syster, fortel Inger Johanne. 

– Korleis vil du beskrive deg sjølv som person på den tida?
 – Eg var 26-27 år og kjende på ei lengsle etter å leve berre for Jesus. Eg kjende begeistring for dette med å vere heilt avhengig av han, fortel ho. 
Etter ei prøvetid på eit halvt år, vart Inger Johanne innvia til 
Mariasyster. Då måtte ho gje avkall på eventuelt framtidig ekteskap og eit «vanleg liv». Ho gav bort alle sine personlege 
eigendelar, smykke og alt.  

Elska kallet
– Var det vanskeleg å gje avkall på eit «vanleg liv»?
 – Nei, det tenkte eg ikkje på då. Det var meir vanskeleg heilt i byrjinga, før eg bestemte meg for å bli diakonisse. Då eg tok den utdanninga, var det slik at du ikkje kunne gifte deg om du var diakonisse. Eg kjende at eg hadde bestemt meg, men det var vanskelegare for mor og far. Dei syntest det var litt spesielt, og at avstanden til dei kom til å bli stor. Dei ville heller at eg skulle gifte meg, dei var av den gamle skulen, fortel ho.  
Nonnetilværet byrja i 1975.

– Då trudde eg at det skulle vare heile livet. Eg elska kallet mitt. «Når eg har deg Jesus, spør eg ikkje etter noko anna på himmel og jord», tenkte eg. Eg fekk også eit nytt namn, Jedida. 
Det er hebraisk og betyr «Herren sin nære ven», eller «den Herren elskar». Jedida var mor til Kong Josia som vart konge då han var åtte år. Konge etter Gud sitt hjarte. Jedida var mor til Josia. Det var jo det eg skulle bli, ei mor til fire barn, avslører ho vidare. Men det trudde ho sjølvsagt ikkje på den tida.

– Kva likte du best med nonnelivet? 
– Det var dette med fellesskapet og den barnlege tilliten til Gud. Gleda når vi fekk bønnesvar, og den åndelege utviklinga eg hadde. Det var ei åndeleg utdanning for meg å vere hjå Maria-systrene. Det har danna eit enormt grunnlag for mitt liv. Eg syntest det var veldig facinerande å sjå alle bønnesvara. Vi ga kvarandre kort og oppmuntringar. Vi var gode mot kvarandre. Det var ei heilt unik tid, som kanskje for andre syntest keisam. Men det var ikkje det, forsikrar Inger Johanne.

Det var ei åndeleg utdanning for meg å vere hjå Maria-systrene. Det har danna eit enormt grunnlag for mitt liv.

Eit sjokk 
Etter fem år opplevde grunnleggarane av Mariasystrene, Mor Basilea og Mor Martyria, at Gud kalla Inger Johanne til å avslutte nonnelivet og dra tilbake til Noreg. 
– Alt verka uforståeleg. Eg forsto ikkje kvifor Gud ville det slik, fortel Inger Johanne.

– Vart du sint? 
– Nei, ikkje sint. Eg kjende meir på ei djup smerte, reflekterer ho.

– Korleis var det å komme tilbake til Noreg?
– Det var eit sjokk å kome ut i verda igjen, eg hadde jo ikkje høyrt radio på fem år. Eg mista kallet mitt, drakta mi, mødrene og søstrene. Livet mitt var som ein ruin, fortel ho og blir for fyrste gong under intervjuet alvorleg.
Noko Mor Basilea hadde lært Inger Johanne og dei andre systrene var: «Far, eg forstår deg ikkje, men eg stolar på deg».

– Det var det eg også kunne seie då alt var mørkt. Det var kaotisk og storma rundt meg. Desse orda hjelpte meg til å ta vare på hjartet mitt. Då eg kom heim, hadde mor mista far. Eg måtte trøyste henne, og det var ikkje så veldig enkelt. Eg arbeidde heime og orka ikkje å snakke med nokon. Eg opplevde korleis eg kunne rope til Gud i naud og trudde eigentleg at eg skulle tilbake til Tyskland. Det gjekk lang tid før eg forsto at Gud hadde ein annan plan for livet mitt, fortel ho.

Inger Johanne frå tida som nonne.

Stifta familie 
Det var ei vanskeleg tid – men etterkvart fekk livet meining igjen for den tidlegare nonna. Ho hadde litt forskjellige jobbar, og sorga ho bar på vart gradvis lettare. Etter kvart byrja ho å slå seg til ro med at ho skulle vere i Noreg.  Det vart også aktuelt å finne seg ein ektemann. Inger Johanne gifta seg og fekk altså fire barn.

– Då eg skulle gifte meg, fekk eg eit brev frå Mor Basilea og Mor Martyria. Dei skreiv at alt var uforståeleg den gongen, men no visste dei at dette var Gud sin fullkomne plan. Dei sendte meg dette bibelverset, «sein Rat ist wunderbar und er führt es herlisch hindaus». Det vil seie at hans råd er fantastisk og han utfører det på ein herleg måte. Det var Gud sin plan heile tida at eg skulle gifte meg og bli mor. Det var godt å få eit slags svar på kvifor kallet mitt ikkje var å vere nonne, fortel Inger Johanne. 

Nye utfordringar 
Inger Johanne blei klar for nye utfordringar, og seier Gud har gått framfor henne og bana veg. Dei siste åra har ho jobba som skjønnheitskonsulent for Mary Kay.
– Eg kunne sjølvsagt ikkje jobbe for kva som helst selskap. Grunnleggaren Mary Kay starta opp verksemda si fordi ho ikkje vart tilsett i ei toppstilling ho søkte på i bedrifta der ho jobba. Og veit du kvifor ho ikkje fikk den, spør Inger Johanne retorisk før ho fortsett: 
– Det var fordi ho var kvinne. Då starta Mary Kay like godt sitt eige selskap. 
Fundamentet ho bygde opp bedrifta på var den gylne regel som seier at det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei. Prioriteringane til Mary Kay var også klare: Først trua, så familie og deretter karriere. Og det var nett dette som tente Inger Johanne til å starte som skjønnheitskonsulent.  

– Eg skjønte fort at dette var eit hjarteføretak. Mary Kay ønska å gjere kvinna sitt liv rikare. Kvinner kunne få prestere og utvikle seg. Gud kalla meg inn i denne samanhengen for å møte kvinner, gje dei moglegheit for eit arbeid, sjå dei og oppmuntre  dei. Mary Kay sitt slagord er «You can do it». Det begeistra meg, og eg byrja å lære om hudpleie og produkt, fortel ho entusiastisk.

– Kva tenkjer du om å jobbe med produkt som skal gje ein ytre skjønnheit, i eit samfunn prega av press på utsjånad, kombinert med di kristne tru– og fortid som nonne?
– Eg kjenner meg veldig på bibelsk grunn. Dronning Ester, før ho gjekk fram for kongen, bada i forskjellige oljar i eit år. Det står også i Bibelen at ho brukte alt som gjorde ei kvinne vakker. Det er ikkje noko gale i å vere god mot seg sjølv. Det er viktig å ta vare på huda si og ikkje la ho forfalle. Det syns eg er veldig guddommeleg, fortel ho.

I can do it, med Gud si hjelp då sjølvsagt.

– Er det greitt for kristne å vere opptatt av utsjånaden og å skulle sjå pen ut?
– Ja, det syns eg verkeleg at det er. Eg syns at vi skal pynte oss, men det kan ikkje ta over min identitet. Mitt ytre kan ikkje vere min tryggleik. Det ytre skal berre spegle indre skjønnheit, og indre skjønnheit blir framheva av det ytre. 
Eg ser ingen motsetning. Å ville sjå vakker ut for å bli elska, det blir feil. Eg byggjar min trygg-leik på at eg er elska av Gud. Dette formidlar eg ofte vidare til dei kvinnene som har ein annan bakgrunn enn meg. Då får dei eit helt anna bilde av Gud, fortel ho.

«I can do it»
Inger Johanne, som i dag bur på Hamar, har jobba som skjønnheitskonsulent i snart elleve år og blitt salsdirektør. Forretningskvinna held hudpleiekurs, og kvinner får prøve dei kosmetiske produkta ho sel. Ho har både humor og sjølvironi når det gjeld yrkeskarriera si. For ei kvinne som aldri hadde brukt maskara var det ein stor overgang å jobbe med sminke og produkt for huda.

– Når eg held kurs, brukar eg ofte å spørje dei om kva dei syns om at eg tidlegare har vore nonne og no er skjønnheitskonsulent. Dei blir veldig overraska, då seier eg at Gud har mykje humor og elskar fargar, fortel ho med eit smil om munnen. 
Skjønnheitskonsulenten sitt nye mål no, er å arbeide så mykje at ho får ein rosa Volvo Mary Kay-bil.

– Då må eg stå på, men «I can do it», med Gud si hjelp då sjølvsagt, avsluttar ho.