;

Ti bud for bedre barneidrett

Denne artikkelen stod først på trykk i Agenda 3:16 nr 3,2019

«Barneleiken er sett i spagaten ­mellom overambisiøse og overbeskyttande ­foreldre», skriver Gudmund Skjeldal i boka Taparskalle. Og han utfordrer både andre og seg selv: 

«Barneleiken er ein trua dyreart. Du har berre ikkje visst korleis du skulle løysa knipa – for du er sjølv problemet. Du er den forelderen eller føresette som gjer altfor mykje for borna dine. Du er som alle oss andre: Vi anar ikkje heilt når vi skal la ungane i fred.»

Skjeldal ramser i boka opp ti bud eller råd for en enda bedre barneidrett, basert på dyrekjøpte erfaringer. Her er fem av dem i forkortet versjon:

Du skal ha andre gudar enn Martin ­Ødegaard og Heidi Løke. Sjansen for at ­barnet ditt blir verdas aller beste utøvar i ei eller anna grein er like liten som at gjøken legg egg i treet der du bor. 

Spør aldri om barnet ditt er tørst. Fokuset på borna i våre dagar er så sterkt at dei ikkje lærer å kjenna sin eigen kropp. Dei aller fleste vil finne drikkeflaska si når ganen er tørr nok. Eller endå betre: Dei finn ein bekk. 

B-laget er viktigare enn A-laget. Dei beste klarer seg. Alltid. Dei nest beste treng eit lag når dei skjønar at dei ikkje blir ­krinslagspelarar (det gjeld kvar idrett som helst). 

Køyr ikkje barnet ditt til trening. I Malmö sykla gutungen Zlatan til fotballtreningar, kanskje fleire kilometer. Barn må få erfare og utvikla sjølvstende. 

– Leit alltid etter lagånda. Du skal ikkje lyge, men: Om laget ditt har tapt 1-12 i fotball eller handball, spør aldri ungane kva dei har gjorde gale etterpå. Skryt av dei for å ha vore tapre og ha stått kampen ut.


I januar 2021 feirer Agenda 3:16 20 år. Vi vil i tiden fremover publisere saker som har skapt mye engasjement blant leserne.
I