Jula endrer alt

Andakten er skrevet av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor ved Nordfjord folkehøgskule – publisert i Agenda 3:16 nr 8/2019

Vi menneske har eit behov for å dele tilværet inn i forståelege og overkomelege kategoriar. Dette gjeld også tida vår. I vår kultur er det omlag umogleg å forholde seg til tid som noko som berre kjem og går, utan noko system. Heime hos min far er til dømes året delt opp i «før hjortejakta» og «etter hjortejakta». Eit skuleår er delt inn i bolkar kring ulike feriar. Arbeidslivet likeeins. Kring den mørkaste tida på året heng vi opp ny kalender og ser framover mot eit nytt årstal. 

Og så er det «før jul» og «etter jul». Ei inndeling vi brukar om åra som kjem og går, men som eigentleg er den viktigaste inndelinga i verdshistoria. Til og med ­heile tidsrekninga vår kviler på denne. Då kan ein ­verkeleg snakke om eit før og etter. 

Bare si ifra om jeg forstyrrer,

sa han da han kom inn,

så går jeg med det samme.

Du ikke bare forstyrrer,

svarte jeg,

du skaker hele min tilværelse.

Velkommen.

Dette vakre diktet av Eeva Kilpi er eigentleg del av ein serie kjærleiksdikt. Eg syns det også uttrykker noko veldig sant om korleis jula endrar alt. Når Gud bryt inn i verdshistoria markerer det eit endeleg oppgjer med det som har vore før, og er samstundes ein ny start på alt det som kjem etter. 

Det snur opp-ned på alt ein tidlegare har trudd og meint. Det er Guds oppsummerte kjærleik og nåde, ­pakka inn i eit lite menneskebarn. 

Når Gud bryt inn i verdshistoria markerer det eit endeleg oppgjer med det som har vore før, og er samstundes ein ny start på alt det som kjem etter.

«…men hans eigne tok ikkje i mot han» kan vi lese i Johannes-evangeliet. 

Nei, dei gjorde ikkje det. Den stillferdige og fattigslege inngongen Jesus fekk i verda passa ikkje med førestillingane folket hadde om kongen som skulle kome og verkeleg snu om på tidsrekninga. Messias i ei krubbe? Gjetarar? Betlehem? 

Kvar vart det av prosesjonane, makta og sigerherren? Dei kom ikkje. Men nettopp i det vesle barnet ligg makta som snur alt på hovudet – hos han som forstyrrar vårt bilete av korleis Gud ser ut, korleis menneske vert frelste og korleis verda har fått ei ny framtid. 

Velkomen, kjære Jesus! Du som er vårt sanne før og etter!