;

Frivillig teneste: Færre forpliktar seg

Øystein Gjerme er grunnleggar av Salt Bergenskirken og har jobba med frivilligheit i mange år. Å vere tydeleg og god på planlegging er viktig for å halde på den frivillige, meiner han. Foto: Salt Bergenskirken

Pandemien har påverka korleis vi forpliktar oss. Øystein Gjerme i Salt Bergenskirken trur at kyrkje-Noreg har «long-covid». Pastoren trur at nøkkelen til frivillig teneste ligg i disippelskap.

Tekst Susanne Dommersnes Sivertsen

Øystein Gjerme er grunnleggar av og hovudpastor i Salt Bergens­kirken og har vore opptatt av frivilligheit i ei årrekkje, held føredrag og har utgitt bøker om emnet.
­I 2018 gav han ut boka Vi vil!, som ­handlar om frivillig teneste og er basert på mangeårige erfaringar frå Salt Bergens­kirken, som er ei av dei raskt veksande forsamlingane i Noreg. 

Ny retning

Gjerme ser klart at den kulturelle endringa vi har opplevd gjennom åra har fått konsekvensar for frivillig arbeid, og dei siste 20 åra har frivilligheita tatt enda ei ny retning. 

– Den temporære frivilligheita er størst i dagens samfunn. Det at vi er med så lenge ungane er med, og sluttar som frivillig når vi ikkje lenger har eigne barn som er aktive. Dette heftar for alvor frivilligheita i Noreg. Det er også skilnad på kva slags status ulike oppgåver gir. Å vere søndagsskulelærar har ein lågare status enn å vere for eksempel fotballtrenar. Som konforme menneske er det mange som deltar der dei fleste andre er med, seier Gjerme.

Min observasjon er at kyrkje-Noreg har long-covid, og det same gjeld for kulturbransjen

Øystein Gjerme

Etter pandemien

Boka til Gjerme kom ut før pandemien, men mykje av det han skriv om, gjeld framleis. Med pandemien blei vi vant med å bruke tida vår på ein annan måte, og både organisasjonar, lag og kyrkjelydar opplever at pandemien har fått konsekvensar for oppmøte og frivillig teneste.

– Min observasjon er at kyrkje-Noreg har long-covid, og det same gjeld for kulturbransjen.  Individualismen pregar oss, og egoismen står meir sentralt. Kyrkja handlar om å bry seg om fellesskapet. Eg høyrde om ein kyrkjelyd som måtte avlyse ein leir fordi det ikkje var nok frivillige. Dette er eit varsko for kyrkjelyden, og dit må vi ikkje komme. I mange kyrkjelydsmiljø er folk i stor grad opptatt av eigne familiar, av jobb og fritida si. Det er lenger mellom dei som vil gi bort timesvis i veka av tida si. Den genera­sjonen som var frivillige i 40 år, er ikkje her lenger, hevdar Gjerme.

(…)

Les hele artikkelen om frivillighet i Agenda 3:16 nr 5, 2023!