Folkemusikk: Tonar frå Gud

Tekst: Margunn Krohn Sævre / publisert i Agenda 3:16 nr 2, 2026
Ho strauk bogen over strengen, felespelaren. Ein mørk tone fylte den vesle fjellkyrkja og tonen var som eit klapp på kinnet frå Gud sjølv.
Eg kjenner ikkje felespelaren, veit ikkje kva for tone ho spelte, og var sjølv berre eit middels slitent menneske som sat på benken. Så kvifor rørte det meg akkurat den augneblinken?
Kvifor er meldinga frå folk i mange kyrkjelyder at folkemusikken når så langt inn og drar fleire til gudsteneste?
(….)
– Folkemusikken er ein del av folkesjela, noko vi ubevisst kjenner oss igjen i, meiner kvedar Audun Moen.
– Den har ein vakker tonalitet som er særeigen.
Det er søndag kveld, og Moen deltar som kvedar på kveldsmesse i Ål kyrkje, med «Kilden» etter Ragnar Vigdal:
«Jeg vet om en kilde som ingen kan tømme», kvedar han. «Så kom da og
styrk deg, det vil jeg deg råde. Men kom uten penge og dryg ei for lenge.»
Tidlegare på dagen leia Moen lovsongen i pinsekyrkjelyden litt borti gata, med band og nyare låtar.
– Lovsong kan vere så mykje, for meg er det eit hjartespråk til Gud. Då kan det arte seg ulikt musikalsk, seier han.
– Kan du kvede «Kilden» i pinsekyrkja?
– Eg har ikkje gjort det, men kvifor ikkje?
Moen har ei brei musikalsk interesse. Han har sunge mykje gospel også, og drar musikalske parallellar til norsk folkemusikk. I begge uttrykka har solisten rom for det han kallar ornamentikk, eller fraseringar med stemma.
– Eg er fascinert av songstemma og alle moglegheitene. Det festlege er at då eg song solo i gospelkor la dei andre merke til at eg hadde drive med folkemusikk.
