Kassene på loftet
Andakten

Av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor ved Norfjord folkehøgskule / publisert i Agenda 3:16 nr 5, 2025
Ein dag står dei der. Kassene på loftet – og dei er mange. Tru meg, eg snakkar av erfaring.
Det er alle dei tinga som ein tenker at ein anten får bruk for, eller som ein ikkje har hjarte til å kaste. Pluss på med ting ein fullstendig hadde gløymt at ein hadde, og all julepynten som brått har samla seg opp, og ikkje minst usortert materiale frå studietida.
Fotografen Peter Mentzel gjorde på 1990-talet eit prosjekt der han reiste til utvalde land i verda og tok bilete av familiar med alle deira eigendeler stabla kring dei. Det var, for å seie det forsiktig, ein markant forskjell mellom familien i Mali og familien i Kuwait.
«Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel», seier Jesus i Matteus kapittel 6.
Personleg er eg frykteleg imponert over dei som orka å tøme heile huset for eit fotoprosjekt. Men utover dette pirkar bileta i noko av det som er vanskeleg å diskutere seg ut av: Skulle eg tømt mitt hus og mine eigedeler utover innkøyringa vår, så ville heile verda kunne sett at eg definitivt er mellom dei som samlar meg skattar på jorda.
Overskrifta i kapittelet som er sitert her er: «Eit heilt hjarte». Jesus fortset i versa utover å snakke om å sjå klårt, og om å vite kva og kven ein tener.
I møte med han som gir oss alt for at vi skal kunne få nettopp eit nytt hjarte, kan det kanskje verte slik at ein kjenner det nødvendig å rydde.
Korleis kunne det ha vore om Peter Mantzel hadde gjort sitt prosjekt i Jesu samtid? Goda var nok ulikt fordelte då som no, men eg vil likevel tru at mengda eigedeler var betydeleg mindre i snitt enn den er her til lands no. Likevel er Jesus heilt tidsaktuell, slik han framleis er det, når han seier dette. Han anerkjenner retten til både å eige og disponere det ein har ansvar for på ein god måte, men åtvaringane mot rikdomen sine slagsider er mange og sterke gjennom heile Bibelen. Rikdomen si kraft er så stor at den kan forlede oss, eller gjere synet vårt uklårt, slik at det vert vanskeleg å skilje mellom kva som har evig verdi og kva som i siste instans er verdilaust.
Kanskje tenkte ein del som høyrde på Jesu tale slik nokon av oss tenker når vi les dette: «Bra! Der fekk rikingane noko å tenke på!» Men så var det ikkje berre dei øverste på Forbes-lista over verdas milliardærar Jesus snakka til denne dagen. Han snakka visst til oss alle, og utfordrar oss vidare med å seie: «For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera».
Så kva skal vi gjere då, alle vi med loftet fullt? Kaste alt og håpe på betre tider?
Eg trur kjernen i dette spørsmålet ikkje er kva vi har og ikkje, men kva som til sjuande og sist disponerer merksemda, tida og dermed hjartet vårt. Paulus seier det slik i 2. Korinterbrev 5,15: «Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.»
I møte med han som gir oss alt for at vi skal kunne få nettopp eit nytt hjarte, kan det kanskje verte slik at ein kjenner det nødvendig å rydde, både i bokstaveleg og overført betydning. Ikkje av plikt, men av takksemd. Og kanskje erfare at det nettopp i dette ligg fridom som gjer livet, og hjartet, heilt.