;

Maria

Lukas skriv at han har fått innhaldet i evangeliet sitt «overlevert av dei som frå fyrste stund var augevitne» (Lukas 1,2). Kven var alle desse menneska som kunne fortelja så levande om Jesus? Det fyrste augevitnet vi møter, er Maria.

Tekst Hans Johan Sagrusten

Illustrasjon: Oscar Jansen

Det er Maria som opplever det vi kan lesa om i Lukas kapittel 1 og 2. Det er ho som møter engelen Gabriel og får høyre at ho skal bli mor, det er ho som dreg opp i fjellbygdene for å møte Elisabet, slektningen sin, og det er ho som føder Jesus i Betlehem.

Forteljinga om da Jesus vart fødd er lang og full av detaljar. Vi finn ikkje formuleringar av typen «Det var ein gong …», men ei mengde opplysingar om namn og personar, tid og stad.

Forteljinga er som ei scene der ei rad med personar vandrar inn og ut. Nokre av dei har namn, som Sakarja og Elisabet, Maria og Josef. Men vi møter òg mange namnlause menneske. Vi høyrer om naboane og slektningane til Elisabet (Lukas 1,58), og om folket oppe i fjellbygdene (Lukas 1,65).

Ei av desse namnlause gruppene spelar ei spesielt viktig rolle; det er gjetarane på markene. I dramatiseringar av juleevangeliet (Lukas 2,1–20) er det ofte Maria og Josef som spelar hovudrollene. Men ser vi nøyare etter, oppdagar vi at det er gjetarane og forteljinga deira som fyller det meste av handlinga. Det er dei som opplever alt som skjer:

Det er gjetarane som møter engelen og høyrer den himmelske hærskaren. Det er dei som går til Betlehem for å sjå kva som har hendt, og det er dei som finn barnet hjå Maria og Josef. Og ser vi nøye etter, oppdagar vi noko anna: Det er gjetarane som opplever det overnaturlege i juleevangeliet.

For inne ved krubba skjer det ikkje noko overnaturleg. Der er det eit barn som blir født; det blir sveipt i klede og lagt på ein tørr og varm stad. Det er rett nok uvanleg at barnet blir lagt i ei krubbe, men vi høyrer ikkje om noko overnaturleg. Ikkje før gjetarane kjem trampande inn og seier at dei har høyrt ein himmelsk hærskare.

Dersom dette var ei oppdikta historie, ville det ha vore enklare å la engelen vise seg for Maria og Josef, ikkje for ei namnlaus gruppe med gjetarar. Nettopp det som ikkje verkar opplagt, det som kjem heilt overraskande på Maria og Josef, styrkjer historia som augevitneskildring.

Men korleis kan historia til gjetarane ha overlevd for ettertida? Forskaren James D.G. Dunn festar ikkje lit til at forteljinga kan stamme frå dei. Då ville dei ha vore nemnde med namn, meiner han. Men kan Lukas likevel ha lagt inn referansar i teksta som fortel korleis historia vart overlevert?

Det er tre kriterium som må oppfyllast for at historia skal overleva. For det fyrste må gjetarane ha fortalt om det dei såg ute på markene. For det andre må nokon ha høyrt på det dei sa. Og for det tredje må nokon ha teke vare på historia. I moderne bøker finst det fotnotar der forfattaren fortel kvar han har stoffet sitt frå. Men kanskje er det akkurat slike fotnotar vi finn i juleevangeliet?

For i vers 17–19 listar Lukas opp alle dei tre kriteria som eg nemnde. Fyrst skriv han at gjetarane fortalde historia si: «Då … fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.» I vers 18 skriv han at det var mange som høyrde det: «Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.» Og i vers 19 finn vi sjølve kjelda til Lukas, den personen som tok vare på det som vart sagt:

«Men Maria tok vare på alt som vart sagt.»

Kunne Lukas ha sagt det klårare? Både fyrst og sist i kapittel 2 fortel Lukas kven han har fått stoffet sitt frå: «Men mor hans tok vare på alt dette …» (Lukas 2,51).

Så er det ei kvinne som fortel alt som hender i Lukas kapittel 1 og 2. Då gjev det brått meining når ho skildrar tida som går, med talet på månader i eit svangerskap (Lukas 1,26.36.56). Det er òg Maria som formidlar forteljinga frå Elisabet, om det som hende då Johannes vart fødd. For dei to kvinnene var saman i tre månader, les vi i Lukas 1,56, og kunne utveksle erfaringar.

Slik har Maria, Jesu mor, gjeve oss denne store gåva: Forteljinga om då Jesus vart fødd. For akkurat slik er det Lukas skildrar det for oss, i tre korte fotnotar til juleevangeliet.

Hans J. Sagrusten arbeider i Bibelselskapet. Han har gjeve ut ei lang rekkje med bøker, blant anna «Det store puslespillet» (2014), «RIK bibelbruk» (2018) og «Spor av Jesus» (2018).

For å få med deg hele serien om Dei som såg Jesus, må du abonnere på papirutgaven! Bestill abonnement her.