;

Gjenkjent

Illustrasjonsfoto

Andakt av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor ved Nordfjord Folkehøgkule

Ein ettermiddag i vår var eg i furuskogen i lag med ein av gutane mine. Det var nydeleg vær, og vi prata og gjekk. Plutseleg stoppa guten og plukka opp ein pinne frå bakken:

«Mamma, sjå! Det er Liv sin pinne!»

Eg må innrømme at eg ikkje forstod noko som helst. Det var ein helt alminneleg pinne i ein furuskog, og det låg sikkert fleire hundre andre rundt oss. Men dette var altså heilt garantert Liv sin pinne. Ho hadde funne den då dei var i skogen med klassa før det vart vår (altså for fleire månader sidan) og så hadde ho mista den, kunne guten fortelle. Og no hadde han heldigvis funne den igjen. Det var berre å leite fram telefonen og straks sende bilde til Liv, som kunne bekrefte: «Jau! Denne er min!»

Denne fine ettermiddagen fekk eg fornya respekt for barn si evne til å holde styr på pinnar. I tillegg vart det ei helsing frå Gud inn i kvardagen.

For midt i pinnevrimmelen var det ein lyslugg som gjenkjente ein furukjepp frå ein annan. Som hadde lagt merke til det fine mønsteret som ei eller anna larve hadde grave ut under barken, som hugsa at det var ein sånn fin bøy nederst og litt ekstra farge øverst.

Det vart ein augeblikk der eg såg at det midt i all vrimmel i verda er ein som gjenkjenner deg og ditt, og meg og mitt: Alle liv som har blitt forma av dagar med rutinar og nitidig arbeid, eller som har fått ein bøy i møte med prøvingar. Alle mønster, gode og dårlege. Og alle som kjenner seg som ein blant fleire tusen, eller millionar, og som kanskje  lurer på om nokon ville hugse dei om dei forsvant i skogen …

Matteus 10,30: «Kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt» Er det mogleg, Gud? Går du så detaljert til verks? Kjenner du meg så godt at du ville kjent meg igjen på sveisen, også om eg er langt borte?

Jesaja 43,1: «Eg har kalt deg ved namn, du er min». Ja, vi er faktisk gjenkjente og gjennomkjente av den evige Gud. Av ein som ville gått ut og leita til han fann akkurat den han visste var gløymt eller oversett, eller den som hadde forlatt fellesskapet og gått seg vekk.

Ei slik skogserfaring nullar sjølvsagt ikkje ut alle kompliserte spørsmål, tvil eller tider med mismot. Den store gleda guten min viste over å finne att ein furukjepp vart likevel ein god refleksjon:

Først om at Gud ser akkurat min verdi, og gler seg over kvart menneske som blir funne. Samstundes vart det også eit spørsmål om korleis eg innrettar livet og kvardagen min. Har eg tid nok til å gjenkjenne det enkelte menneske? Til å hugse på dei som kjenner seg forlatt og gløymde? Etter våren 2020 har alle spørsmål kring einsemd og fellesskap fått ny aktualitet. Og det ligg fortsatt knytt eit stort oppdrag i å ikkje begrense seg berre til sitt eige nærområde, men også å bidra til at nye folkeslag får bodskapen om at det fins ein Gud som kjenner den enkelte tvers igjennom.  

Så: Gled deg til neste skogstur, og legg inn tid til å sjå deg litt ekstra rundt! Og kven veit – kanskje vil alle pinnane på bakken minne deg også på Guds blikk for verda.

Denne andakten står på trykk i Agenda 3:16 nr 4, 2020. Bestill abonnement her.